E-post

Eg har gløymt passordet mitt
Kor mykje lagringsplass har e-postkontoen frå Enivest?
Korleis kan eg få fleire e-postadresser?
Korleis kan eg skifte passord på e-posten min?
Korleis set eg opp e-postkontoen frå Enivest for Microsoft Outlook?
Kva er Enivest E-post?
Kor finn eg den gamle versjonen av Enivest Webmail?
Viktig ved sending av e-post

Eg har gløymt passordet mitt

Svar: Om du har gløymt passordet ditt kan du ta kontakt med Enivest Kundeservice på telefon 57 00 91 00 eller via skjemaet her for å få tildelt eit nytt passord.

Kor mykje lagringsplass har e-postkontoen frå Enivest?

Svar: Alle privatkundar har inntil 150Mb lagringsplass tilknytt kvar enkelt e-postkonto. Alle privatabonnement kan få opptil 5 e-postkontoar.

Korleis kan eg få fleire e-postadresser?

Svar: Kvar abonnent har 5 e-postadresser tilgjengeleg. Bruk skjemaet her og skriv namna på dei som skal ha e-postadresser. Vi vil då opprette nye e-postadresser. Våre namnereglar på e-post er: fornamn.etternamn@enivest.net.

Korleis kan eg skifte passord på e-posten min?

Svar: Logg deg inn på Enivest E-post, https://webmail.enivest.net/ og følg linken “Byt passord på kontoane dine”. Følg rettleiinga her.

Korleis set eg opp e-postkontoen frå Enivest for Microsoft Outlook?

Svar: Ved å kikke i brukarrettleiinga som du fekk saman med utstyrspakken frå Enivest kan du på side 24-26 lese og sjå bilete av korleis du set opp e-postkontoen din for Microsoft Outlook. Du finn også brukarrettleiing (pdf) her.

Kva er Enivest E-post?

Svar: Du kan lese og sende e-post via heimesidene til Enivest ved hjelp av Enivest E-post. E-postklienten fungerar som ein elektronisk postkasse som gjev deg tilgong til å sende og motta av e-post. Ei slik teneste er nyttig for alle som ikkje har eit e-postprogram (til dømes Microsoft Outlook) installert på datamaskina si, elle for dei som er på reise og dermed ikkje har tilgong til si eiga maskin. Du kan gå direkte til Enivest E-post ved å bruke denne lenkja: http://webmail.enivest.net

Kor finn eg den gamle versjonen av Enivest E-post?

Svar: Enivest har lagt om epost-tenesta og erstatta den førre versjonen med ein nyare og betre. Du finn den nye epost-tenesta ved å gå hit: http://webmail.enivest.net
her er det ei lenkje til den førre versjonen av epost-tenesta.

Du kan også gå direkte til den førre epost-versjonen ved å følgje denne lenkja: http://www.enivest.net/webmail. Du kan framleis nytte denne dersom du ynskjer. E-postane vil vere tilgjengeleg på begge versjonane, men ver merksam på at ei eventull adresseliste berre ligg i den versjonen du har laga den i.

Viktig ved sending av e-post

Alle privatkundar (og bedriftskundar med dynamisk adresse) må bruke smtp.enivest.net for utgåande e-postserver.

Dette er eit tiltak vi har satt inn for å hindre spam- og virusmail som mange opplever som eit problem ved e-postmottak. Dette fører til at du ikkje vil ha høve til å sende e-post via andre servere enn smtp.enivest.net.

I praksis betyr dette at du lyt kontrollere at alle e-postkontoar er sett opp med denne serveren for utgåande e-post slik det er forklart i rettleiinga vår.

Utskriftsvenleg versjon