Breibandstelefoni

Eg ynskjer å vite at ein samtale ventar
Eg har alarm som brukar telefonlinja mi
Eg har ikkje fasttelefon i dag
Eg har set-top utstyr heime som brukar telefonlinja mi
Eg har telefaks heime
Eg vil sperre for ulike samtaletypar
Eg ynskjer hemmeleg nummer
Eg ynskjer reservasjon mot oppføring i telefonkatalogen
Eg ynskjer reservasjon mot vidaresal av abonnementsinformasjon
Eg ynskjer skjult nummer
Eg ynskjer spesifisert faktura
Eg ynskjer å nytte vidarekopling
Eg ynskjer å sjå kven som ringer
Er det bindingstid for breibandstelefoni?
Får eg fortsatt ei telefonlinje?
Kan eg behalde mitt eksisterande telefonnummer eller får eg eit nytt telefonnummer?
Kan eg bruke breibandet og prate i telefonen samtidig?
Kan eg bruke ein IP-telefon eller ringe frå PCen min?
Kan eg bruke ISDN-telefon
Kan eg få breibandstelefon frå Enivest?
Kan eg ringe med ein annan leverandør når eg er kunde hos Enivest?
Kjem det tilleggskostnadar når eg seier opp fasttelefonen min?
Kor lang leveringstid er det på breibandstelefoni?
Korleis er kvaliteten på breibandstelefonen frå Enivest?
Korleis fungerar breibandstelefoni?
Må eg ha breiband frå Enivest for å få breibandstelefoni frå Enivest?
Må eg taste eit prefiks kvar gong eg ringer eit nummer?
Blir eg registrert i telefonkatalogen?
Skal eg fortsatt betale fast abonnementsavgift til Telenor?
Vil breibandstelefonien sette ned hastigheten på mitt breiband?
Vil kvaliteten på telefonsamtalane reduserast om eg samtidig nyttar breibandet mitt?

Eg ynskjer å vite at ein samtale ventar

Svar: Du vil automatisk bli opplyst om at ein samtale ventar dersom telefonen din støttar slik funksjonalitet.

Eg har alarm som brukar telefonlinja mi

Svar: Sjekk dette med din leverandør av alarmtenester. Dei vil informere deg om dette er godkjent frå deira side. Du bør også ha ein batteri-backup på modemet frå Enivest i tilfelle straumbrot. Husalarm brukar analog linje for kommunikasjon, dette vil fungere på våre løysingar, men tilkoplinga skal skje i ein telefonsplitter som delar telefonsignalet som kjem ut frå telefonutgangen på boksen du har fått frå Enivest. Dette betyr at det teknisk sett skal vere mogleg å nytte alarm over breibandstelefoni, men vi tilrår kunde å ha ei eiga analog linje for dette.

Eg har ikkje fasttelefon i dag

Svar: Så lenge du er breibandskunde hos Enivest eller ynskjer å bli dette kan du også få breibandstelefoni frå oss. Du kan behalde ditt eksisterande telefonnummer, eller du kan få eit nytt telefonnummer.

Eg har set-top utstyr heime som brukar telefonlinja mi

Svar: Dette skal fungere som normalt så lenge utstyret er kopla opp slik at set-top boksen delar linje med ein av dine telefonar. Den skal ikkje koplast rett i vårt utstyr (då vil utstyret tru at det er ein telefon). Den skal koplast på same måten som ein alarm (sjå punktet over).

Eg har telefaks heime

Svar: Telefakser for analog linje skal fungere som normalt.

Eg vil sperre for ulike samtaletypar

Svar: Enivest kan gje følgjande alternativ for sperring av ulike samtaletypar:
- Sperre til mobil.
- Sperre til utland.
- Sperre til 8xx xx numre
- Sperre til 81x xx numre
- Sperre til 82x xx numre
Alle kombinasjonar er gyldige. Du kan sperre mot fleire destinasjonar samtidig. Sperrar du mot alle 8xx xx nummer så er det ikkje nødvendig å sperre 81x xxx og 82x xxx nummer. Ta kontakt med vår kundeservice dersom du ynskjer sperringar, eller ev. fjerne sperringar.

Eg ynskjer hemmeleg nummer

Svar: Du kan reservere deg mot oppføring i opplysningstenestene og du kan få skjult nummer med tanke på nummervisning. Men eit hemmelig nummer kan vi dessverre ikkje tilby foreløpig.

Eg ynskjer reservasjon mot oppføring i telefonkatalogen

Svar: Dette kan du velje sjølv ved bestilling av breibandstelefoni. Ved reservasjon mot oppføring vil ikkje informasjon om abonnementet bli vist hos opplysningstenestene eller i telefonkatalogen.

Eg ynskjer reservasjon mot vidaresal av abonnementsinformasjon

Svar: Enivest har allereie valt at din abonnementsinformasjon ikkje kan vidareseljast til andre. Du kan ikkje velje å godkjenne vidaresal av denne informasjonen, då dette gjeld for alle våre kundar i ei eiga avtale med Findexa.

Eg ynskjer skjult nummer

Du kan benytte skjult nummer om du ynskjer dette. Les meir om korleis du enkelt ved få tastetrykk kan skjule nummer ved enkeltsamtaler her. Ynskjer du at ditt telefonnr. skal vere skjult heile tida, kan du ta kontakt med vårt kundesenter.

Eg ynskjer spesifisert faktura

Svar: Fakturaen er delt inn på dei mest vanlege samtalegruppene (Norgestakst, Telenor Mobil, Netcom Mobil, Utland, Spesialnummer og liknande) I tillegg viser fakturaen antall samtalar og varigheten til desse samtalegruppene. Ein fullstendig faktura kan ikkje bestillast enno, men du kan ta kontakt med vårt kundesenter for å få tilsendt ein oversikt for ein gitt månad (så lenge det er i løpet av dei siste 3 månadane). Denne vil kun sendast pr. post til abonnementsadressa.

Eg ynskjer å nytte vidarekopling

Svar: Du kan sjølv ved få tastetrykk vidarekople samtaler. Les om dette her.

Eg ynskjer å sjå kven som ringer

Svar: Dersom telefonen din har støtte for dette, så kan du sjå nummeret på den som ringer.

Er det bindingstid for breibandstelefoni?

Svar: Nei, det er inga bindingstid for telefoniløysinga Enivest tilbyr.

Får eg fortsatt ei telefonlinje?

Svar: Ja, du får kun ei telefonlinje. Enivest arbeider med å kunne tilby opptil to telefonlinjer, dette vil sannsynlegvis bli tilgjengeleg seinare.

Kan eg behalde mitt eksisterande telefonnummer eller får eg eit nytt telefonnummer?

Svar: Ynskjer du eit nytt telefonnummer så kan vi opprette dette kostnadsfritt. I slike tilfelle må du sjølv seie opp ditt gamle abonnement ved å ringe din leverandør. Vi kan også overføre ditt eksisterande telefonnummer. Abonnementet hos din tidligare leverandør seiast opp automatisk når vi overfører det eksisterande telefonnummeret til Enivest AS.

Kan eg bruke breibandet og prate i telefonen samtidig?

Svar: Ja, det kan du.

Kan eg bruke ein IP-telefon eller ringe frå PCen min?

Svar: Nei, du må bruk ein vanleg analog telefon.

Kan eg bruke ISDN-telefon?

Svar: Nei, det er kun vanlege analoge telefonar som kan brukast.

Kan eg få breibandstelefon frå Enivest?

Svar: Ja, dersom du har breiband frå Enivest i dag, eller skal skaffe deg breiband frå Enivest.

Kan eg ringe med ein annan leverandør når eg er kunde hos Enivest?

Svar: Ja, det kan du, men ver merksam på at enkelte andre IP-telefonileverandørar nyttar utstyr som ikkje fungerar utan at ADSL-modemet frå Enivest vert konfiguert for dette.

Kjem det tilleggskostnadar når eg seier opp fasttelefonen min?

Om du ynskjer behalde ditt noverande telefonnr. ved overgang til breibandstelefon frå Enivest, vert ditt gamle abonnement automatisk sagt opp. Ver obs på eventuell bindingstid hos tidlegare leverandør. Du vil ved oppseiing av fasttelefonen og overgang til breibandstelefon få ein ekstra kostnad på breibandet ditt. Dette er linjeleige som Telenor skal ha for drift og vedlikehald av koparkabelen fram til deg. Kostnaden for dette er kr 78,- per månad.

Kor lang leveringstid er det på breibandstelefoni?

Svar: Leveringstida avhenger om du skal portere ditt noverande nummer, eller om du skal ha eit nytt telefonnummer frå Enivest. Normal leveringstid ved portering vil vere inntil 4 veker, så sant du har breiband frå oss frå før. Dersom du også skal ha breiband må du rekne med litt lenger leveringstid på telefonidelen. Dersom du skal ha nytt nummer frå Enivest og har breiband frå Enivest frå før, så er normal leveringstid 2 veker.

Korleis er kvaliteten på breibandstelefonen frå Enivest?

Svar: Enivest har lagt stor vekt på å sikre kvaliteten på din breibandstelefon, både når det gjeld tenestas funksjonalitet, stabilitet og samtalekvalitet. I forhold til vanlig Internett-telefoni som ikkje kan kvalitetssikrast, er våre løysingar kvalitetssikra heilt frå din telefon til mottakar.

Då breibandstelefoni er ei teneste som leverast over breibandet, er den sjølvsagt avhengig av at internettsambandet fungerar som den skal. Store mengder datatrafikk over internett samstundes som ein ringer, kan påverke kvaliteten. Dersom det vert straumbrot eller linjeutfall på ADSL vil ikkje telefonen fungere. Vi gjer også merksam på at modemet er følsamt for lyn og bør koplast vekk under torever og når du reiser bort for ein periode.

Korleis fungerar breibandstelefoni?

Svar: Breibandstelefoni fungerar i praksis lik ein vanleg fasttelefon, men teknologien som ligg bak er forskjellig. Du nyttar vanlege analoge telefonapparat, men pluggar det i modemet du har mottatt frå Enivest i staden for i telefonuttaket i veggen.

Må eg ha breiband frå Enivest for å få breibandstelefoni frå Enivest?

Svar: Ja

Må eg taste eit prefiks kvar gong eg ringer eit nummer?

Svar: Nei, det treng du ikkje. Du brukar telefonen på vanleg måte.

Blir eg registrert i telefonkatalogen?

Svar: Ditt telefoniabonnement hjå Enivest inkluderar ei standard oppføring hjå alle dei kjende katalogtenestene. Denne vil vere på den som står som eigar av abonnementet hjå Enivest sjølv om telefonnummeret tidlegare var registrert på eit anna namn. Oppføringa i katalogtenesta gjeld sjølvsagt ikkje dersom du har reservert deg mot denne type oppføring.

Skal eg fortsatt betale fast abonnementsavgift til Telenor?

Svar: Nei, når du velgjer breibandstelefoni frå Enivest treng du kun å forholde deg til oss som leverandør.

Vil breibandstelefonien sette ned hastigheten på mitt breiband?

Svar: Ja, til ein viss grad. Breibandstelefoni nyttar ein liten del (omlag 100kbps) av linja di, men det vil i praksis ikkje vere merkbart ved vanleg nettbruk.

Vil kvaliteten på telefonsamtalane reduserast om eg samtidig nyttar breibandet mitt?

Svar: Ved vanleg surfing blir ikkje telefonen påverka, men dersom ein nyttar store delar av nedlasting- og opplastingskapasiteten kan dette i nokre tilfeller påverke telefonien.

Utskriftsvenleg versjon