Velkommen til Enivest Kundeservice

Opningstider Enivest kundeservice
Måndag til Fredag: 08:00 til 18:00
Laurdag/Søndag: Stengt
Enivest kundeservice er opent for alle henvendingar i kjernetida frå 08:00 til 16:00, og tek imot bestillingar og feilmelding av internett, TV og telefon fram til 18:00.
Kontaktinformasjon kundeservice:
Prioriterte kontaktskjema eller kundeservice@enivest.no
Telefon: 57 00 91 00
Kontaktar du Enivest Kundeservice utanfor opningstid vil det vere mogleg å leggje igjen beskjed på telefonsvarar.
Sjå gjennom vår Spørsmål og Svar-side
Enivest Kundeservice gjer sitt ytterste for å hjelpe kundar raskt og effektivt. For å unngå at du som kunde lyt sitte i telefonkø, leggje att beskjed, vente på feilsøkingsprosess, bruke unødvendig tid til problemløysing du sjølv raskt kunne fått svar på ol., ber vi deg gå gjennom vår FAQ for om mogleg finne svar på ditt spørsmål der. Våre spørsmål og svar-sider vil bli oppdatert med jamne mellomrom.
Henvend deg på e-post dersom mogleg
Våre kundekonsulentar prøver å svare på så mange henvendingar som mogleg per telefon, men det er ein fordel for oss og for deg som kunde dersom du kan nytte våre ferdige skjemaer eller e-post når du kontaktar oss. Vi vil prioritere henvendingar som kjem inn på skjemaer. Gi oss ei kort beskriving av problemet eller det du ynskjer informasjon om, og send inn skjemaet til oss. Hugs å oppgje kven abonnementet er registrert på. Då kan vi feilsøke og kanskje utbetre ein eventuell feil før vi gir deg tilbakemelding. Vi har som mål å besvare alle henvendingar på e-post i løpet av neste yrkesdag.
Ha kundenummer klart
Dersom du kontaktar oss via telefon er det enklare for oss å gje deg god kundeservice om du har kundenummeret ditt klart. Dersom det er stor pågang på vårt kundesenter vil du bli besvart av eit sentralbord. Din henvendelse vil bli notert og vidareformidla til Enivest. Ein av våre kundekonsulentar vil så kontakte deg så snart det let seg gjere.