Du med Digital TV frå Enivest kan no velje blant ei rekke toppfilmar til halv pris på Get Filmleige.
Slik gjer du det:
- Trykk på FILM-knappen på fjernkontrollen til dekodaren din.
- Velg blant filmar i halv pris-kategorien i menyen.
- Tast kode for å sjå filmen (standardkode 0000 første gong, koden kan gjerast personleg).
- Du har full tilgong til filmen i 24 timar og kan pause, spole og sjå om att så ofte du vil i leigeperioden.
- Du slepp overtidsleige. Filmen leverast tilbake av seg sjølv.
- Leigeprisen belastast på di neste faktura frå Enivest
Har du ikkje Digital-TV frå Enivest? Då kan du bestille her.
Filmar du får til halv pris no med Get Filmleige

| Tittel |
Kat./Land |
År |
Skodespelararar |
Alder |
| Old Dogs |
Komedie. USA |
2009 |
John Travolta og Robin Wiiams |
Tillatt for alle |
| Pandorum |
Thriller. USA |
2009 |
Dennis Quaid og Ben Forester |
Frå 15 år |
| The private lives of Pippa Lee |
Drama. USA |
2009 |
Julianne Moore og Keanu Reeve |
Frå 15 år |
| Battle under Orion |
Action. USA |
2009 |
Kenzabruo Iida og Yasou Hasagawa |
Frå 11 år |
| Sanra Buddies |
Barnefilm. USA |
2009 |
George Wendt og Christopher Lloyd |
Tillatt for alle |
| Metropia |
Animert. Sverige |
2009 |
Stemmer: Juliet Lewis og Stellan Skarsgård |
Frå 15 år |
| Hachiko; A dog’s story |
Drama. USA |
2009 |
Richard Gere |
Tillatt for alle |
| Sebastians Verden |
Thriller. Norge |
2010 |
Andreas Wilson og Christian Strand |
Frå 15 år |
| What Doesn’t Kill You |
Drama. USA |
2008 |
Ethan Hawke og Amanda Peet |
Frå 15 år |
| Capitalism: A love story |
Dok. USA |
2009 |
Michael Moore og Sarah Palin |
Tillatt for alle |
| The Road |
Drama. USA |
2009 |
Viggo Mortensen og Charlize Theron |
Frå 15 år |
| 500 days of summer |
Komedie. USA |
2009 |
Joseph Gordon-Levitt og Zooey Deschanel |
Frå 15 år |
| Wrong Turn at Tahoe |
Thriller. USA |
2009 |
Harvey Keitel og Cuba Gooding Jr |
Frå 15 år |
| Brothers |
Drama. USA |
2009 |
Colin Firth og Julianne Moore |
Frå 11 år |
| A Single man |
Drama. USA |
2009 |
Natalie Portman og Jake Gyllenhaal |
Frå 15 år |
| Wallander- Mordbrannen |
Thriller. Sverige |
2010 |
Krister Henriksen og Lena Endre |
Frå 15 år |
| Aliens in the Attic |
Eventyr. USA |
2009 |
Tim Meadows og Robert Hoffman |
Frå 7 år |
| Adam |
Drama. USA |
2009 |
Hugh Dancy og Rose Byrne |
Frå 11 år |
| I love you Beth Cooper |
Komedie. USA |
2009 |
Hayden Panettiere og Alan Ruck |
Frå 15 år |
| The Fourth kind |
Thriller. USA |
2009 |
Milla Jovovich og Elias Koteas |
Frå 15 år |
| Me & Orson |
Drama. USA |
2008 |
Clare Danes og Zac Efron |
Frå 11 år |
| 18 Year Old Virgin |
Komedie. USA |
2009 |
Dustin Harnish og Olivia Alaina May |
Frå 15 år |
| Bryllupsfotografen |
Komedie.Sverige |
2009 |
Tuva Novotny og Björn Starrin |
Frå 7 år |
Kampanjen varer til 31.07.2010
Enivest deltok på Fylkesmessa i Florø helga 28.-30. mai. Fylkesmessa er den største næringslivs- og karrieremessa i Sogn og Fjordane nokon gong, med over 115 stands og 5000 besøkande.
Les heile "Premievinnarar på Fylkesmessa i Florø" »
Du som har digital-TV frå Enivest kan glede deg over endringar i kanaltilbodet denne våren. Her presanterar vi nokon av dei spanande endringane som har skjedd og vil skje.
Les heile "Digital-TV: Endringar i kanalpakkar" »

Alle kundar som har Digital-TV frå Enivest kan frå 5. mars 2010 leige film med Get Filmleige. Tenesten er enkelt å bruke og alt styrast med fjernkontrollen.
Les meir om Get Filmleige her
Brukarveiledning for Get Filmleige
(NB! Enivest-kundar kan sjå vekk frå side 15 og 16 i denne brukarveiledninga)
Er du Enivest kunde med digital-TV frå Get, får du no tilgong til den nye kanalen NRK 1 HD utan ekstra kostnader. Med den nye HD-kanalen får du skarpare bilde enn du nokon gong har fått frå NRK.
OL direktesendt i HD
NRK gjer alle direktesendingane frå OL i Vancouver tilgjengelege på sin nye kanal NRK 1 HD. Første sending er 12. februar og startar kl 20:15.
I tillegg er kanalen Eurosport HD fritt tilgjengelig i heile februar i samband med OL.
Andre program i HD
Ei rekke andre TV-program blir i tida framover og sendt i HD-kvalitet, mellom anna;
- Den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen
- Dramaserien “Himmelblå”
- Dokumentarserien “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”
Av spelefilmar som blir sendt i HD er: Drageløperen, Spiderman 2, Den unge Jane Austen og Det gylne kompasset.
Slik får du sjå NRK 1 HD med Get digital-TV
NRK 1 HD finn du enkelt med eitt tastetrykk på fjernkontrollen sin HD-knapp (plass 158 i EPG).
Du må ha ein HD-klar TV for å kunne sjå NRK 1 HD.
Enivest på Framtidsfylket si karrieremesse
For fjerde året på rad arrangerer Framtidsfylket karrieremesser i Oslo, Bergen og Trondheim. Her kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket vårt har å by på. Enivest deltek i år på karrieremesser i alle dei tre store universitetsbyane våre.
Framtidsfylket sine karrieremesser er ein uformell møteplass for folk og bedrifter med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mange blir overraska over det store mangfaldet av kompetansearbeidsplassar som finst i fylket, og mange bedrifter har rekruttert kandidater gjennom desse karrieremessene.
Årets karrieremesser er:
Oslo: mandag 1. februar
Trondheim: torsdag 11. februar
Bergen: tysdag 16. februar
http://framtidsfylket.no/
Enivest overtek Jølster Breiband sine kundar frå 01.01.2010. Les meir her
For å betre brukaroppleving og stabilitet vil Get gjennomføre ei oppdatering av programvare på HD PVR dekoderen. Dersom du har digital-TV frå Get med denne dekoderen kan du oppleve ustabilitet medan oppdateringa pågår 10.12.2009 i tidsrommet 00:30-01:30. Dersom dekoderen har vore avslått (utan strøm) i tidsrommet då oppdateringa skulle ha skjedd, vil dekoderen starte opplasting av ny programvare når den slåast på, og bruke ca 30 minutter på å oppdatere seg.
Ikkje sett minna dine på spel!
I dag har dei aller fleste lagra bileta sine digitalt på PCen. Ein tenkjer kanskje på at ein burde sikre dei betre og ta backup eller lage seg betre system ettersom mengda av bilete aukar, og ein høyrer om stakkarar som mister alt av bilete på grunn av datakræsj eller virus. Men så går ein i den vanlege fella og bagatelliserer viktigheita av det for slik skjer jo berre med alle andre.. og ein har ikkje heilt tid til å bale med dette no.
Les heile "Enivest Sikker Lagring, nytt produkt til alle Enivest-kundar!" »
Fredag 23. oktober inngikk Enivest AS avtale med Netlife AS om levering av lagringstenester for breibandskundane til Enivest AS.
Les heile "Enivest AS inngår avtale med Netlife AS om Sikker Lagring" »