Enivest Hotspot

Enivest Trådlaus Sone gir alle Enivest kundar gratis tilgong til trådlaust breiband på utvalde offentlege møteplassar. Vi jobbar med å byggje ut våre trådlause soner rundt om i fylket for å tilby våre kundar internett også utanfor heimen. Skal du ut på reis i fylket kan det altså vere lurt å undersøke om det kanskje er tilgjengeleg trådlaust nett frå Enivest i området.
Områder med utbygd Enivest HotSpot:
- Førdehuset
- Førde Torg og Elvegården
- Sandane sentrum
- Fjordane Bowling i Florø
- Fjordane Bowling i Måløy
- Lavik ferjekai
- Oppedal ferjekai
- Solund Brygge, Hardbakke
- Knutholmen, Kalvåg
For Enivestkundar er tilgongen gratis, du nyttar då brukarnamn og passord som du alt nyttar i samband med e-postkontoen din hjå Enivest.
Korleis få tilgong
1) Aktiver det trådlause nettverkskortet på PC’en din slik at maskina søkjer etter tilgjengelege trådlause nettverk.
2) I lista med tilgjengelege nettverk skal du ha fått opp nettverket “Enivest_Hotspot”. Kople deg til dette.
3) Start nettlesaren din (Eksempelvis Internett Explorer). Du får no opp startsida til Enivest Hotspot. Vilkåra må godkjennast før du får tilgong til påloggingssida.
4) Gratis for Enivest Kundar
Dersom du er Enivest-kunde; Fyll inn brukarnamn og passord. Dette er det same so du brukar på e-posten din frå Enivest. Denne informasjonen har du fått opplyst i velkomstbrevet du fekk som ny kunde. Alternativt kan du kjøpe tilgong, følg då instruksjonane under.
5) Tilgong for andre
Er du ikkje Enivest-kunde eller manglar brukarnamn/passord kan du sende SMS til 2077 med kodeord ENIVEST og angi kor lenge du ynskjer ha tilgong til internett med “1TIME, 2TIME eller DØGN”.
Du får stadfesting saman med brukarnamn og passord tilbake i ein sms. Varigheita på tilkoplinga løper frå klokkeslettet du koplar til nettverket og uavbrutt gjennom heile tidsintervallen du har bestilt.