Kva er fiber?
Ein fiberoptisk kabel formidlar lyssignal i staden for straumpulsar. Dette gjev enorm hastigheit og kapasitet,
samanlikna med tradisjonelle kablar som tidlegare har vore nytte til telefon- og kabel-TV-signal. Og driftssikkerheita er mykje betre.
I framtida vil all informasjonsformidling gå via fiberoptisk kabel. Nye tenester vil dukke opp, og skaffar du deg Enivest Fiber no, er du førebudd for uendeleg mange år framover, og du kan glede deg over alle nye tenester som måtte komme.
No har Enivest satt i gang den største satsinga på å bygge infrastruktur for internett i fylket. Saman med eigarane våre har Enivest no starta å byggje fiber til husstandane i Sogn og Fjordane. Dette gjev eit kjempeløft i tenestetilbodet innan breiband for dei husstandane som får innlagt fiber. Det er med glede Enivest viser sin lokale tilhørighet i fylket ved å være først med denne satsinga.