Fjernstyrt opptak
Som Get-kunde kan du styre opptaka rett frå datamaskina, mobilen eller lesebrett.
Har du gløymt å starte opptak av favorittprogrammet ditt? Fortvil ikkje, det er mange måtar å starte opptak på sjølv om du ikkje er i nærleiken av TV-en din.
Nyheit! Get App: Planlegg. Ta opp. Finn film.
Med Get App får du ei komplett TV-guide for alle kanalar på din iPad, iPhone eller Android telefon. Med enkle tastetrykk kan du ta opp frå TV-guiden. I tillegg får du oversikt over alle titlane i Get filmleie, med ein suveren søkefunksjon fullstappa med filminformasjon. Legg filmer du vil sjå i di eiga hugseliste.

Kom i gang med Get App
Last ned appen gratis frå App Store her
Last ned appen gratis frå Android Marked her
(Du kan og laste ned appen direkte frå App Store eller Android Marked via mobilen din)
Første gang du opnar appen, må du taste inn mobilnummeret og koden din. Informasjonen lagrast i appen slik at du ikkje treng å legge det inn på nytt.
1. Last ned Get App
2. Start Get App
3. Om du er ny bruker og har registrert mobilnummer hos Enivest så kan du trykke på knappen: Glemt kode
4. Legg inn mobilnummeret ditt og trykk på knappen: Hent kode. Du vil i løpet av kort tid motta kode på SMS.
Internett
Ein annan måte å fjernstyre opptak er å gå inn på TV-guiden til Get via internett. Du får full 7-dagars EPG, med same brukargrensesnitt som du kjenner frå Get Boksane. Det er berre å velje programmet du skal ta opp, klikke på det og velje «Ta opp program».
Du finn Get TV-guide her
Mobilnett
Ein siste måte å fjernstyre opptak på er via mobilenettet. Denne tenesten passar dersom du ikkje har ein smarttelefon. Du får programoversikt for det komande døgnet, du kan sortere etter kanalkategori, eller vise programma for ein enkelt kanal. For kvart program har du ein ta opp-knapp. Du mottek ei kvittering på mobilen når eit program er sett på opptak.
Tenesten fungerar med alle dei ledande mobiloperativsystema som iPhone, Symbian, Windows og Android.
Fjernstyrt opptak frå mobil er gratis, men du må sjølv dekke eventuell kostnad for datatrafikk belasta av mobiloperatøren.
Last ned brukarguide for korleis du kjem i gang med fjernstyrt opptak via mobil her .

