Digital-TV
No kan du kvitte deg med skjemmande parabolantenner, UHF-antenner, og berre setje deg tilbake i stolen og nyte livet med sylskarpe bilete og fantastisk lyd
Enivest har inngått eit spanande samarbeid med Get om levering av Digital-TV via fiber. Get er vår prefererte leverandør av Digital-TV.
Samarbeidet opnar ny marknad for Get i Sogn og Fjordane, og gir Enivest sine fiberkundar i privatmarknaden tilgong til Noregs leiande Digital-TV tilbod.
Kundane våre vil kunne motta Digital-tv frå Get ved hjelp av ein ny generasjon digitale dekodarar tilpassa bruk i IP-nett (fibernett).
Tenestene frå Get har vorte svært godt motteke i marknaden og vunne fleire testar. Vi gledar oss over å kunne tilby desse produkta til våre fiberkundar.
