Vilkår Enivest Bedrift
Einkvar abonnent av produkt frå Enivest må forplikte seg til denne abonnementsavtalen. At ein har lese avtalen, forstått den og er villeg til å fylgje ordlyden i den, må aksepterast med underskrift på våre registreringsskjema.
1. KUNDE, BRUKAR, ABONNEMENT
2. OMFANG
3. AVGRENSING
4. DEFINISJONAR
5. BINDINGSTID
6. KONTAKTPERSON
7. IP-ADRESSER OG ROUTING
8. TEKNISK LØYSING
9. TILKNYTING OG INSTALLASJON
10. BRUKSRESTRIKSJONAR / FORCE MAJEURE
11. KUNDEPLASSERT UTSTYR
12. ERSTATNING
13. SERVICE og TILGJENGELEGHEIT M.M.
14. VILKÅR FOR BRUK AV TENESTA
1. KUNDE, BRUKAR, ABONNEMENT
I det fylgjande er med uttrykket Kunde meint den fysiske eller juridiske eining/person som har teikna abonnement hjå Enivest. Brukar er ein fysisk eining/person som anten er identisk med Kunden eller som Kunden har late få tilgang til abonnementet. Kunden er ansvarleg for alle brukarar og at desse etterlev avtalevilkåra.
Tenesta levert av Enivest tilhøyrer Kunden og kan ikkje overdragast utan skriftleg godkjenning av Enivest. Kunden har ikkje rett til å vidareselje Internett Aksess til tredje person.
2. OMFANG
Desse generelle vilkåra gjeld for avtalen som er teikna mellom Enivest og Kunden om tenesta spesifisert i kontrakta frå Enivest. Gjennom tenesta får Kunden tilgang til Enivest via ein fast oppkopla forbinding frå Kundens tilknytingsadresse til ein ruter som er tilknytt Enivest sitt IP-nett.
Tenestas bandbreidde blir angjeve i ordrestadfestinga og kontrakta.
I tenesta inngår, i tillegg til abonnementet, kundeplassert utstyr som er angjeve i avtala. Tenesta leverast i overeinstemming med den tekniske spesifikasjonen som gjeld til einkvar tid. Avtala omfattar ikkje leveranse av lokalnett. Einkvar avtale om tenester levert av Enivest skal inngåast skriftleg.
3. AVGRENSING
Avhengig av telenettets utbygging kan tenesta i visse deler av Sog og Fjordane fylke ikkje leverast til angitt pris med dei tekniske ytingar som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. For å finne ut om det er tilfelle, må det gjerast ei teknisk utgreiing. Enivest skal innan fire veker etter at avtalen er underteikna underrette Kunden dersom leveranse ikkje kan skje.
Dersom leveranse ikkje kan skje på grunn av omstende som ikkje skildrast i første avsnitt, kan Enivest dersom Kunden ynskjer det leggje fram eit kostnadsoverslag for ei alternativ løysing. Dersom Kunden ikkje godtek Enivest sitt kostnadsoverslag og partane ikkje kan bli einige om alternativ løysning, gjeld ikkje avtalen lenger, og den eine part har ikkje rett til nokon erstatning frå den annen part i samanheng med at avtala ikkje lenger gjeld.
4. DEFINISJONAR
Avtalen: Enivest og Kundens avtale om teneste frå Enivest (bestillingsskjema / ordrestadfestinga)
Teneste: Den teneste som Enivest skal levere til Kunden, går fram av avtalen/kontrakten
Teknisk spesifikasjon: Framstilling av tenestas innhald og tekniske løysningar
Kundeplassert utstyr: Utstyr som er plassert hos Kunden, men er eigd av Enivest.
Kundeplassert utstyr er angitt i avtalen som f.eks. ruter.
Lokalnett: Kundens lokale nettverk, dvs. nettverk som kjem etter det kundeplasserte utstyret frå Enivest. Dette kan typisk være nettverket som forbind pc-ar med kvarandre i kundens lokale.
5. BINDINGSTID
Om ikkje anna er avtalt, er bindingstida for avtala satt til 2 år. Dersom ikkje avtala er sagt opp innan 3 månadar før utløp av bindingstid, vil avtala automatisk verte forlenga med 1 år. Ved forlenging av avtaleperiode (utover bindingstid) gjeld gjensidig oppseiingstid på 3 månadar.
Avtalte priser skal kvart år 01. juni justerast med endringar i SSB sin konsumprisindeks frå føregåande år.
6. KONTAKTPERSON
Kunden skal velje ut og namngje til Enivest ein kontaktperson som må ha mynde til å treffe avgjeringar som er bindande for Kunden og ta i mot informasjon frå Enivest innanfor ramma for avtalen. Eventuell utskifting av kontaktperson skal meddelast skriftlig.
7. IP-ADRESSER OG ROUTING
Enivest tildeler Kunden IP-adresser etter Kundens ynskjer. Enivest tek atterhald om retten til å endre tildelte IP-adresser og innføre restriksjonar med omsyn til tildeling og bruk av IP-adresser i overeinsstemming med dei direktiv som utstedes av Rèseaux IP Europèens (RIPE). Slike endringar eller restriksjonar skal gjerast kjent for Kunden. Når avtalen sluttar å gjelde skal tildelte IP-adresser returnerast til Enivest. Kundens IP-adresser og eventuelle Autonome system (AS) som ikkje er tildelt av Enivest må godkjennast av Enivest før de kan nyttast. Enivest syt for ruting av trafikk til og frå dei IP-adresser som er tildelt og/eller godkjent av Enivest.
8. TEKNISK LØYSING
Enivest atterheld seg retten til å endre tekniske systemløysningar for tenesta. Ein slik endring skal ikkje føre til at den tekniske ytinga og funksjonalitet i tenesta forringast. Endringsarbeidet skal utførast under omsyn til Kundens behov og på ein slik måte at eventuelle forstyrringar er minst mogeleg. Om ikkje anna er spesifisert i ordre eller teknisk spesifikasjon, inneheld ikkje tenesta brannmur eller tilsvarande. Enivest tilrår at kunden skaffar seg denne type sikring.
9. TILKNYTING OG INSTALLASJON
Enivest syt for oppkopling, installasjon og konfigurering av forbindinga til Internett, og til kundeplassert utstyr. Legging av tilkoplingsleidningar og anna arbeid i Kundens husvære eller lokale inngår ikkje i tenesta. Kunden syt for at koplinga mot Enivest sitt utstyr tilfredsstiller dei tekniske krav som er angitt i den tekniske spesifikasjonen. Grensesnittet er eit LAN-grensesnitt. Kunden tek på seg etter Enivest si tilvising å gjere klar dei lokale kvar kundeplassert utstyr skal installerast og syte for elektrisk tilkopling, straum og klimaforhold. Enivest skal gjevast tilgang til lokala i den utstrekning det krevjast for at Enivest skal kunne fullføre installasjonen og gjennomføre fleire tiltak i samband med avtalen.
10. BRUKSRESTRIKSJONAR / FORCE MAJEURE
Enivest har rett til å utføre nødvendige avbrot, forstyrringar og endringar av leveransen som reknast for naudsyne av tekniske, vedlikehaldsmessige, eller driftsmessige omsyn. Kunden skal varslast skriftleg på førehand om tidspunkt for, og årsak til restriksjonen. Ved naudsituasjonar, herunder Force Majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Enivest rett til å gjennomføre følgjande tiltak;
- Avbrot i tenesta
- Avgrensingar av tenestefasilitetar
- Avvike frå avtale om oppetidsgaranti
Enivest er utan ansvar for tap som kunde måtte bli påført som følgje av nemnte tiltak. Om oppfølginga av vesentlege delar av avtala er forhindra utover tre månadar på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av partane rett til å seie opp avtala skriftleg med umiddelbar verknad.
11. KUNDEPLASSERT UTSTYR
Alt kundeplassert utstyr er Enivest sin eigedom. Kunden tek ansvar for skade på eller tap av kundeplassert utstyr frå det tidspunkt det overleverast til Kunden på den tilknytingsadresse som er angitt i avtalen. Erstatningsansvaret gjeld også Enivest sine kostnader til demontering, reparasjon, installasjon og liknande. Dette gjeld ikkje dersom skadeårsaka er Enivest si skuld. I forbrukarforhold kan erstatninga kun gjerast gjeldande dersom tapet eller skada skuldast forhold som kunden har ansvar for.
12. ERSTATNING
Direkte tap:
Ovanfor kunde er Enivest ansvarleg for direkte tap som skuldast manglar ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje dersom Enivest godtgjer at mangelen skuldast forhold utanfor Enivest sin kontroll, og som Enivest ikkje rimelegvis kunne rekne seg til på førehand eller overvinne følgjene av. Ovanfor næringsdrivande er Enivest bare ansvarleg for direkte tap som skuldast grov aktløyse frå Enivest si side. Med direkte tap meinast nødvendige og dokumenterte meirutgifter som kunden er påført som følgje av mangelen.
Indirekte tap:
Enivest er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følgje av manglar. Som indirekte tap reknast;
- Tap som følgje av minska eller bortfall av produksjon eller omsetjing (driftsavbrot).
- Tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som venta.
- Tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir riktig oppfylt, men bare der kunden utan rimeleg grunn lar være å foreta dekningskjøp eller treffe andre tiltak for å unngå eller minske tapet.
- Tap som følgje av skade på anna enn deler av salet sjølv og gjenstandar som brukast til framstilling av eller som har nær og direkte samanheng med rekna bruk og Enivest sitt samla ansvar.
Enivest sitt erstatningsansvar er til einkvar tid avgrensa oppover til kr. 15.000,- for det enkelte skadetilfelle eller kjede av skade tilfeller med same årsak. Ansvarsavgrensinga gjeld ikkje dersom Enivest har utvist grov aktløyse. Krav på erstatning må fremjast innan rimeleg tid etter at skaden er oppdaga eller burde vore oppdaga.
13. SERVICE og TILGJENGELEGHEIT M.M.
Feilmelding kan sendast døgnet rundt til Enivest si kundeservice: feilmelding@enivest.no.
I tenesta inngår feilretting på kundeplassert utstyr i vanlig arbeidstid.
(virkedagar 08:00 – 16:00): 57 00 91 00
Kunden pliktar å reklamere til Enivest innan rimeleg tid etter at kunden har oppdaga eller burde oppdaga feil eller manglar ved tenesta. Før feil meldast til Enivest bør kunden undersøkje om feilen skuldast kundens eige utstyr. Enivest kan krevje dekkja omkostingar forbunde med Enivests feilsøking dersom kunden melder om feil som ligg utanfor Enivests ansvarsområde og kunden burde ha forstått dette. Den faktiske oppnådde bandbreidda og kvaliteten er avhengig bl.a. av kapasitet og belastning på Internett. Enivest kan derfor bare svare for bandbreidde og kvalitet i tenesta, dvs. frå og med kundeplassert ruter til og med den aksess-ruter som er tilknytte Enivest sitt nett.
14. VILKÅR FOR BRUK AV TENESTA
Tenesta må berre knytast til utstyr som oppfylgjer standardane IEEE 802.3 K avsnitt 14 eller IEEE 802.5
Kunden skal, når Enivest ber om det, skaffe informasjon om dette utstyr Kunden har tilknyta og som Enivest reknar som nødvendig for å kunne oppfylje sine forpliktingar ovanfor Kunden og ovanfor Enivest sine andre Kundar.