Telefoni
– reduser telefonikostnadar med IP
Ip-telefoni betyr enkelt forklart at ein ringer med tale over datanettet i staden for over telenettet. Ein kan implementere breibandstelefoni på firmaet si breibandstilkopling, og slik vert utgifter i samband med telefoni redusert betrakteleg. Alle i bedrifta kan ringe uavgrensa internt i bedrifta utan å påverke den faste kostnaden.
Breibandstelefoni fremjar ein enkel administrasjon og utvikling av telefoniløysinga som er tilrettelagd for framtidige kommunikasjonstenester. Det vert fortlaupande implementert nye funksjonar og tilleggstenester som kjem kundar til gode. Telefon over breibandet fører til at drift og vedlikehald avgrensast til ein kommunikasjonsportal i staden for to. Telefonien vert integrert i dagens dataløysing, ein får eit kontaktpunkt å halde seg til, og faktura på breiband og telefoni kjem frå same leverandør.