Sjekk om du kan få høghastighets-breiband, VDSL
18.05.2012
Enivest bygger ut endå fleire sentralar med ny teknologi for høghastighets-breiband,VDSL. Med VDSL kan du få ein nedlastingshastigheit på inntil 40 Mbit i sekundet, noko som gir mulegheit for streaming av film i HD-kvalitet og tillet at fleire i familien brukar nettet på same tid utan at det merkast.
Det er enkelt å bestille eller oppgradere til superbreiband då VDSL blir levert på same koparkabelen(telefonkabel) som allereie går inn i huset.
Kven kan få VDSL?
VDSL har ei rekkevidde på ca. 800-1000 m, det vil seie at det berre er dei husstandane som er nær nok sentralen som kan få VDSL.
Enivest vil i løpet av 2012 bygge ut ytterligare 7 nye sentralar med VDSL. Desse sentralane er:
- Holmedal
- Olden
- Ulltang (Førde)
- Kjørnes
- Kalvåg
- Leikanger
- Deknepollen
Enivest har frå før bygd ut følgande sentralar med VDSL:
- Førde
- Florø
- Høyanger
- Dale
- Brandsøy
- Naustdal
- Måløy
- Vassenden
- Sogndal
- Svelgen
- Sande
- Stryn
- Skei
- Askvoll
- Byrkjelo
- Bremanger
Her kan du melde di interesse for VDSL
Enivest vil kontakte deg for å registrere bestilling og gje prisopplysningar når det er klart kva tid sentralen er klar for levering.
