Fiberkundar kan sjå Premier League i fleire kanalar !

09.Mars 2012

Fiberkundar kan sjå Premier League i fleire kanalar på laurdagar.                                        

Det er komt nye vilkår på Premier League kampar  frå 10.Mars 2012 for parabolkundar. Bakgrunnen for dette er ein EU dom som slår fast at privatpersonar og puber i England kan nytte satelittkort frå andre europeiske land for å hente ned Premier League sendingar. Premier League har difor endra sine vilkår og bestemt at antal direktesendte kampar for parabolkundar i Europa på laurdagar i tidsrommet frå kl 16.00 – 18.15 skal begrensast til 1 kamp. Fiberkundar vert ikkje berørt av dette, og kan sjå Premier League HD1, PL HD2 og PL HD3 på laurdagar kl 16.00.