Digital-TV: Fleire kanalar i CANAL+

CANAL+ utvidar no tilbodet sitt med fleire sportskanalar.

Canal+Fotball

CANAL+ Fotball er ein reindyrka fotballkanal. Det første ein kan sjå fram til på denne kanalen er seriestarten i både La Liga og Serie A, tett fulgt av landslaget sin første kamp på vegen mot Fotball EM 2012.
I tillegg får ein direktesendte kampar frå bl.a nederlandske Eredivisie, amerikanske Major League Soccer og Allsvenskan. Du får kampar med studioinnramming og magasinprogram med norske kommentatorar og ekspertar.
CANAL+ Fotball erstattar CANAL+ Sport 1

CANAL+ Sport 3 vil vise fleire kampar frå La Liga, Serie A og Eredivisie. Det vil vere norske kommentatorar og ekspertar.
Du finn CANAL+ Sport 3 på kanalplass 96

CANAL+ HOCKEY er ein eigen kanal som viser over 120 kampar frå den svenske Eliteserien i ishockey. I tillegg visast treningskampar, studio og magasinprogram.
Du finn CANAL+ HOCKEY på kanalplass 97

I tillegg til dei nye kanalane kjem ein ny HD kanal, CANAL+ Sport HD.

Dei nye kanalane er tilgjengelege frå 27.08.2010, og blir lagt til i pakkane CANAL+ Sport og CANAL+ Total.

Som følge av utviding av kanaltilbodet vil prisen på pakkane CANAL+ Sport og CANAL+ Total gå opp med kr 10,- per månad, til henhaldsvis kr 269,-/mnd og 289,-/mnd.

For eksisterande kundar som har CANAL+Sport og/eller CANAL+Total vil prisjusteringa bli gjeldande frå 01.01.2011.

Har du ikkje CANAL+Sport eller CANAL+Total? Bestill her