Digital-TV: Endringar i kanalpakkar
Du som har digital-TV frå Enivest kan glede deg over endringar i kanaltilbodet denne våren. Her presanterar vi nokon av dei spanande endringane som har skjedd og vil skje.
Fine Living Network
___________________________________
Kanalen Zone Club har bytta namn til FLN. FLN ynskjer å inspirere og presantere det siste innan moderne livsstil og design. Her visast spennande program innan velvere, reise, mote, kultur og trendar. Kanalen er tilgjengelig i Familie HD pakken eller som Favorittkanal.
TLC
___________________________________
TLC erstattar kanalen Discovery Travel & Living, og flytter frå Familie HD til Startpakken. TLC er ein underhaldningskanal -hovudsakleg retta mot kvinner. Her visast program frå eit breidt spekter av sjangrar; frå familie til krim, frå helse tilbryllup, frå det overnaturlege til det sjokkerande. Kvar vekedag er gitt eit eige tema.
CANAL+ samlar seriesuksessar i ein ny kanal
___________________________________
Den nye kanalen CANAL+ Series vil inngå i CANAL+ sin Totalpakke og Filmpakke. Den erstattar den tidlegare kanalen CANAL+ Comedy. Her kan du sjå seriesuksessar til sjåarvenlege tider. Kanalen sender døgnet rundt utan reklameavbrot. Kvar kveld kl 20 visast ein premiereepisode. I tillegg kan du få med deg utvalte seriemaraton.
Get Viasat Premium blir endå betre
___________________________________
Get Viasat Premium tilbyr kampane i UEFA Champions League og eit variert utval av filmar på TV1000. No inkluderast også den reindyrka golfkanalen Viasat Golf i programpakken.
-berre sport eller film?
I tillegg til Get Viasat Premium har vi no spesialpakkar for deg som er kun interessert i film eller sport.
Rikstoto Direkte er her!
___________________________________
Interessert i hestesport? Då er Rikstoto Direkte kanalen for deg! Her får du sjå trav- og galoppløp døgnet rundt. Kvar dag kan du få med deg varmingstips, intervju og direktesendte løp frå Norge, samt eit rikt tilbod av svenske løp. Rikstoto Direkte kostar kr 199,- per mnd. Kanalen vil vere fritt tilgjengeleg på kanalplass 80 for våre digital-TV kundar fram til midten av mai 2010.
Bestill kanalpakkar her
Sjå fullstendig oversikt over Enivest sine kanalpakkar her

