Digital-TV: Ny kanal NRK 1 HD!
Er du Enivest kunde med digital-TV frå Get, får du no tilgong til den nye kanalen NRK 1 HD utan ekstra kostnader. Med den nye HD-kanalen får du skarpare bilde enn du nokon gong har fått frå NRK.
OL direktesendt i HD
NRK gjer alle direktesendingane frå OL i Vancouver tilgjengelege på sin nye kanal NRK 1 HD. Første sending er 12. februar og startar kl 20:15.
I tillegg er kanalen Eurosport HD fritt tilgjengelig i heile februar i samband med OL.
Andre program i HD
Ei rekke andre TV-program blir i tida framover og sendt i HD-kvalitet, mellom anna;
- Den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen
- Dramaserien «Himmelblå»
- Dokumentarserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»
Av spelefilmar som blir sendt i HD er: Drageløperen, Spiderman 2, Den unge Jane Austen og Det gylne kompasset.
Slik får du sjå NRK 1 HD med Get digital-TV
NRK 1 HD finn du enkelt med eitt tastetrykk på fjernkontrollen sin HD-knapp (plass 158 i EPG).
Du må ha ein HD-klar TV for å kunne sjå NRK 1 HD.