Enivest på Framtidsfylket si karrieremesse
Enivest på Framtidsfylket si karrieremesse
For fjerde året på rad arrangerer Framtidsfylket karrieremesser i Oslo, Bergen og Trondheim. Her kjem eit breitt spekter av bedrifter frå Sogn og Fjordane for å vise kva næringslivet og offentleg sektor i fylket vårt har å by på. Enivest deltek i år på karrieremesser i alle dei tre store universitetsbyane våre.
Framtidsfylket sine karrieremesser er ein uformell møteplass for folk og bedrifter med tilknyting til Sogn og Fjordane. Mange blir overraska over det store mangfaldet av kompetansearbeidsplassar som finst i fylket, og mange bedrifter har rekruttert kandidater gjennom desse karrieremessene.
Årets karrieremesser er:
Oslo: mandag 1. februar
Trondheim: torsdag 11. februar
Bergen: tysdag 16. februar