Enivest Sikker Lagring, nytt produkt til alle Enivest-kundar!

Ikkje sett minna dine på spel!

minefilerI dag har dei aller fleste lagra bileta sine digitalt på PCen. Ein tenkjer kanskje på at ein burde sikre dei betre og ta backup eller lage seg betre system ettersom mengda av bilete aukar, og ein høyrer om stakkarar som mister alt av bilete på grunn av datakræsj eller virus. Men så går ein i den vanlege fella og bagatelliserer viktigheita av det for slik skjer jo berre med alle andre.. og ein har ikkje heilt tid til å bale med dette no.

Der er mange metoder å ta backup på. Du kan lagre dei på forskjellige diskar, på CD eller DVD-plater, ta vare på minnebrikkene eller lagre på eigen server eller på andre servere hos leverandørar som tilbyr dette. Kva metode du vel er opp til deg, men det som alltid er ein fordel er at du har eit system og at du slepp å bruke alt for mykje av tida di på dette arbeidet.

Med Enivest Sikker Lagring sikrar du minna dine enkelt, så havnar du aldri i gruppa «alle andre». Den einaste måten å beskytte seg mot tap av data på er å ta backup – og det er derfor vi har laga Enivest Sikker Lagring for deg!

Slik fungerar det:

Last ned Enivest Sikker Lagring her

Enivest Sikker Lagring er ei teneste som syt for kontinuerlig backup av dei viktigaste filene på harddisken din.

Du står fritt til å velje kva mapper på datamaskina di som skal takast backup av.

Dei filene du lagrar i Enivest Sikker Lagring blir ikkje vekke sjølv om datamaskina di skulle bli øydelagt eller skada.
Dersom du får ny datamaskin så kan filene dine som er lagra på Enivest Sikker Lagring enkelt overførast til den nye datamaskina. Du har og høve til å enkelt synkronisere innhald mellom fleire datamaskiner.

Dersom du ikkje vil synkronisere mapper kontinuerlig medan du er oppkopla til internett så kan du og ta backup i eit eigedefinert tidsrom.

Enivest Sikker Lagring sjekkar kvart 10 minutt etter nye filer på datamaskina di og sørgjer for at det alltid ligg ein oppdatert sikkerhetskopi på Enivest sine sikre servere.

Enivest Sikker Lagring er enkelt å bruke, og heile installasjonen er unnagjort på 5 minutt. Installer no, så slepp du å bekymre deg for kva som kan skje!

Meir enn berre lagring:

sikker lagring OBSMed Enivest Sikker Lagring har du høve til å gå inn på dei lagra filene dine og kan via ditt eige webområde dele mapper med andre, sjå bilete og videoar, spele av musikkfiler eller bestille fotoprodukt.
Du får tilgong til filene dine her

Tenesta er trygg

IKT-Norge har utarbeida ei norm for lagring av bilete. Enivest AS er godkjent av IKT-Norge og tilfredsstiller alle krav som blir stilt i denne norma. Les meir om norma til IKT-Norge her