Enivest AS inngår avtale med Netlife AS om Sikker Lagring
Fredag 23. oktober inngikk Enivest AS avtale med Netlife AS om levering av lagringstenester for breibandskundane til Enivest AS.
Netlife AS er eit IT-selskap som er grunnlagt av 3 gründerar frå Førde. Netlife AS held til i Trondheim, har 19 ansatte, og har store nasjonale kundar, deriblant Elite Foto og Telenor.
Samarbeidet mellom Enivest og Netlife fører med seg at kundane hos Enivest får tilgong til ei ny og spanande teneste, Enivest Sikker Lagring. Med denne tenesta kan kundane lagre og ta backup av personleg informasjon i form av tekst, bilete, film og musikk på sikre servere som er drifta av Netlife. Det er enkelt, oversiktlig, trygt og fleksibelt. Dei som har lagra mykje av dei digitale bileta sine på PC, CD, DVD, minnekort eller eksterne harddiskar vil sette stor pris på Enivest Sikker Lagring. Denne tenesta gjer at kundane slepp å bekymre seg for å ta backup av filene sine. Enivest Sikker Lagring tar automatisk backup av alle mapper som kunden har forhåndsdefinert. Gjennom Enivest Sikker Lagring vil kundane også få tilgong til alle filene sine uansett kor og korleis ein er tilkopla internett.
Bilde frå presentasjon av Enivest Sikker Lagring på Førde Industri- og næringssamskipnads bransjeseminar fredag 23. oktober