Kanalendringar for deg som har Get Digital TV
CANAL+ lanserar ny kanal: SF-kanalen !
Torsdag 1. oktober lanserast ein ny kanal med det beste frå Svensk Filmindustri sine produksjonar dei siste 30 åra. SF-kanalen vil vise barne- og familiefilmer, komediar, drama og spaning heile døgnet.
Kanalen ligg i Canal+Film og Canal+Total og er tildelt kanalplass 98 i kanalvalget på dekodaren. Visjon Norge som har hatt denne plasseringa, flyttast til kanalplass 92.
Disney XD – ny kanal som erstattar Disney Toon. Kanalen er open for alle med dekoder fra Get i perioden fram til 12.10.2009
Disney XD er kanalen for deg som likar action, musikk, humor og eventyr. Kanalen viser ei blanding av live-action seriar, animerte seriar, storfilmar og spelefilmar. Disney XD sender mellom 06:00 og 22:00. Kanalen passer best for gutar i aldersgruppa 6-14 år men vender seg også til jenter. Alle program er dubba eller teksta til norsk.
Disney XD er på kanal 31 og kjem til å ligge i Familiepakka etter 12.10.2009
Viasat Fotball lanserast 15. september og er Norges einaste reindyrka fotballkanal! Viasat Fotball er open for alle med dekoder fra Get ut oktober.
Viasat Fotball vil vise eksklusive kampar frå fotball-VM, dei beste kampane i UEFA Champions League, landskampar, UEFA Europa League, FA-cupen, Engelsk Championship, Fransk Ligue 1 samt tysk pokalcup. I tillegg viser kanalen det beste fra Manchester United og Chelseas eigne TV-kanaler. Viasats fotballeksperter kommenterar kampane, medan Jan Åge Fjørtoft og ekspertteamet hans leder kanalen sine studiosendingar.
Viasat Fotball er på kanal 119 og blir ellers å finne for dei som har kanalpakken Viasat Premium.